LightWeb
Sandal Gardsturisme - Aud`s Cottages Sandal - Byrkjelo - Nordfjord - Fjord Norway-
LightWEB
Startside English Deutchland

BILDER HYTTER                     

LightWeb
LightWeb
Info Nordfjord

Under brèen, sentralt i Nordfjord

Du finn oss i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord. Her har vi alt frå isbrear, urørd villmark, fiskerike fjellvatn og lakseførande elvar til djupe fjordarmar. Eit rikt dyre- og fugleliv kan vi by jakt og friluftsinteresserte, hjorten er talrik i våre skogar. Fjordhesten kan du møte, bli med på ein frisk rafting, eller kva med ein klatretur i blåisen?


Her er det eit godt utval av både merka og umerka turløyper.
Du kan rusle i trivelege handlegater, gå på museum og utstillingar,eller innta eit måltid i atmosfæriske omgjevnader.

Mange kjem hit for å delta i kulturopplevingar, idrett og musikkarrangement.

Du er også hjarteleg velkomen til å oppleve våre levande bygder.

Sandane Lufthamn ligg i Gloppen og har dagleg flyavgangar til både Bergen og Oslo, medan E39 går gjennom kommunen. Ved Briksdalsbrèen, ein times køyretur frå Sandal

LightWeb




S A N D A L   G A R D

K O N T A K T P E R S O N
Aud Bergheim


A D R E S S E
N-6826 Byrkelo

T E L E F O N
+47 57 86 88 21

W E B S I D E

www.sandalgard.no  

M O B I L S I D E
      

M O B I L
+47 917 30 318

E - P O S T

post@sandalgard.no   

B L O G G  http://audscottagepaint.blogspot.com 
T I L B A K E M E L D I N G A R





F A C E B O O K

G O O G L E M A P S



V E G   B E S K R I V I N G

Frå Bergen med bil kan du ta E39 til Oppedal. Ta ferja over Sognefjorden til Lavik og hald fram på E 39 via Førde og Skei til Byrkjelo.

Frå Oslo med bil ta E18 mot Drammen. Etter 16 km er du i Sandvika og tek inn på E16 via Hønefoss til Lærdal, ca 320 km. Eller den litt kortare ruta over Gol, ta inn på Rv 7 litt før Hønefoss, og Rv 52 over Hemsedal til Lærdal.
Så rv.5 til Fodnes der du får ein liten fin ferjeturtur over Sognefjorden til Mannheller, vidare om Sogndal og Fjærland, gjennom tunellane (som er gratis no...!) Frå Skei ta E39 til Byrkjelo.

Frå Byrkjelo tek du av på Rv 60 mot Stryn. Allerede etter 1.km ser du skiltet Myklebust og tek av til høgre der. Etter 4 km på bygdeveg ser du vatnet, stopp ved skiltet Sandal Gardsturisme. Huset til vertskapet er lys gult. Der er vi og kan gje deg nøkkel og informasjon :)

GPS: 61.745022 / 6.571989




© LightWeb